Foto: Vegard Byrkjeland Aasen
Årets Naturfoto 2025. Ikke gjenbruk uten tillatelse
Vegard Byrkjeland Aasen tok en dobbel, og ble både Årets fotograf og tok Årets naturfoto. Nå vurderer han å ta en ny runde, i jubileumsutgaven av NM i Naturfoto.
Det var en lykkelig vinner som til slutt tok hjem seieren etter en real utklassing i de siste rundene av fjorårets NM i Naturfoto. Med to gullbilder i hver av de tre siste rundene, og sju gullbilder i finalen – som utgjorde halve feltet – var det ingen tvil. Vegard Byrkjeland Aasen tok det hem, og vi kan ikke annet enn å gratulsere.
– Tusen takk, det føles veldig bra. NM i Naturfoto var ein draum heilt sidan eg var liten, og sjølv om eg har delteke nokre gonger no er det framleis stort å hevde seg i ein konkurranse med så mange dyktige fotografar. Det har vore ein skikkeleg fin “fight” gjennom året, spesielt med Bernt Østhus og Tobias Gjerde. Tobias brukte opp heile arkivet sitt då han vann i fjor, og Bernt hadde litt for lite tid til å ta nye bilder i år, så det var eit godt år å melde seg på! Det er inspirerande å sjå nivået på dei andre fotografane i konkurransen, og eg er stolt over å kunne dra i land sigeren, sier vinneren.

Stor variasjon
Han hadde en klar plan, med et godt bildearkiv i tillegg til mange fotorunder i løpet av året.
– Eg har sagt (litt) på tull at det viktigaste var å slå Bernt, som slo meg med eitt poeng for to år sidan, men sannheita er at NM først og fremst er ein veldig kjekk og motiverande konkurranse å vere med i. Den faste rytmen med innleveringar og poeng kvar månad gjer at eg kjem meg meir ut døra og legg meir tid i naturfotograferinga, forteller han.
Dommerne pekte blant annet på stor variasjon som en av de viktigste grunnene til at Aasen gikk til topp.
Jurymedlem Pål Brenne sier:
– Årets vinner har levert en rekke originale bilder med stor variasjon i motiver, og alle bildene har hatt høy kvalitet. Det er en meget sterk prestasjon. I en knivende sterk konkurranse med andre svært gode bilder går dette til topps fordi det i tillegg til de visuelle kvalitetene lys/skygge og enkelhet er sjeldent originalt.
Kollega Henrik Strømstad istemmer:
– Vegard Aasen har imponert juryen med motiver av høy kvalitet gjennom hele året. Han har levert bilder med stor variasjon fra havflaten til de høyeste fjelltopper og vist stor kreativitet. Samtidig som bildene hans alltid er teknisk gode og spennende komposisjoner Vinnerbildet skiller seg ut som annerledes og nyskapende. Det er på en måte utrolig enkelt, samtidig som det har høy vanskelighetsgrad og det scorer høyt på originalitet.
Hovedpersonen selv er godt fornøyd med tilbakemeldingene.
– At de meinar det er mykje variasjon tek eg som eit stort kompliment. Eg fotograferer det eg har mest lyst til å fotografere, og dei motiva eg har tilgang til, ofte nært heimen. Tre av gullbilda er tatt mindre enn 150 meter frå huset. Eg likar å jobbe i nærområdet der eg kjenner terrenget og kan bruke tid på å forstå åtferden til dyra. Eg prøver ikkje bevisst å dekke mange artar, men eg likar å utfordre meg sjølv kreativt og finne nye uttrykk. Sjølv om det framstår som variert så har eg vel i hovudsak levert bileter av folk på tur, spekkhoggarar og reinsdyr, smiler han.

Drone
Vinnerbildet ble tatt med drone, noe Aasen er godt vant med å bruke.
– Ja, eg brukar drone veldig mykje. Eg jobbar profesjonelt med film og foto, og drone gir meg vinklar og moglegheiter eg ikkje får frå bakken. I fjellet er det heilt uvurderleg, men eg brukar det der det gjer meining for meg. I årets innleveringar var 9 av 30 bilder dronebilder, så det seier sitt, sier han.
Han understreker at han er forsiktig med bruk av drone når det gjelder ville dyr.
– Ja, det er jeg, men på spekkhoggarar fungerer det godt. Eg jobbar saman med Norwegian Orca Survey og dokumenterer alle besøk desse faste familiane har i Sognefjorden kvar vinter. Frå land eller båt ser ein berre ryggfinna. Med drone får ein eit heilt eige innblikk i åtferda deira under vassflata. Om det er fine fotoforhold så tek eg gjerne meir bilder enn film, og vinnarbiletet vart teke på ein utruleg vakker vårdag i Lustrafjorden. Det var klart og stille vatn, sol, og snødekte fjell. Tre av bilda eg sendte inn i år vart skutt på same flytur denne dagen, forteller han.

Drømmemotiv
Vegard har ingen “stor hvit hval”, et drømmemotiv, men forteller at favorittmotivet hans er dyr i store landskap.
– Det er slike bilder som rører meg mest, både når eg tek dei sjølv og når eg ser andre sine bilder. Så har eg sjølvsagt ei lang og ambisiøs ønskjeliste: håkjerring står øvst, sjølv om eg tvilar på at det nokon gong skjer. Rett under kjem makrellstørje, gaupe og jerv, og så pigghå – aller helst ein stor stim i vintermørkret når eg fridykkar. Og så er eg er 34 år og har framleis ikkje vore på tiur- eller orrfuglleik. Det må eg få gjort snart, slår han fast.
Han forteller at det ikke er noen fasit på hvordan han tar gode bilder, men det er en en fellesnevner for det han gjør.
– Ja, ein fellesnevnar for dei fleste bilda mine er god planlegging. Eg går sjeldan ut på måfå for å «sjå kva som skjer». Når eg gjer det, er det for naturopplevinga sin del, forteller han. – Som regel har eg eit konkret bilde i hovudet når eg drar ut. Det endar sjeldan opp akkurat slik, men all researchen – om art, lys, plassering og tidspunkt – aukar sjansen for at noko interessant faktisk skjer. Då får eg ofte eit resultat eg er nøgd med, sjølv om det ikkje er identisk med planen. Eg jobbar også mykje med kamerafeller. Der er planlegginga 90 prosent av arbeidet.

Tar en runde til?
Hans tips til vordende naturfotospirer er å starte med noe de interesserer seg for, det gjør det enklere å sette av tiden.
– Eit konkret tips er å studere bilder du liker og prøve å forstå korleis dei er tatt: lys, vinklar, avstand, tidspunkt. Visualiser eit bilde du vil lage, planlegg det, og gå ut og prøv. Det er utruleg kor mykje ein lærer av denne prosessen.
Konkurransen fyller 50 år neste år. Har du planer om å delta i jubileumssesongen?
– Det er litt skummelt å vere med to år på rad, men eg hadde ein veldig fin fotohaust og har eit mykje rikare arkiv enn på same tid i fjor. Om eg nokon gong skal prøve to år på rad, er det no. Og no som eg veit at det er jubileumsår, har eg endå ein god grunn til å bli med!
For å bli med laster du opp bildene dine her
Se resultatene fra gullrunden 2025 her.
